Informasjon/framdrift Bjelkelaget VA-anlegg
Prosjektet med å legge vatn og kloakk i området Langatjønnlia, Bjelkelaget og Fossbrotet nærmar seg ferdig. Då er VA-nettet utvida med ca 3.500 løpemeter nytt leidningsnett. Alt arbeid skal vere ferdigstilt av entreprenør innan 31.11.18.
I løpet av hausten skal alle traseane leggast att og bli jordkledd og tilsådd. Nokre plassar vert det etter avtale med utmarkslaget opparbeida sti i traseen og eit par plassar blir traseen utbetra slik at
løypetraseen for oppkøyring av skiløypene blir betre.
Det er satt av stikk ut av traseen til dei som har bestilt dette av kommunen eller av Ruben Bortelid. Dei som ønskjer å kople seg på etter at kommunen er ferdige på den enkelte trase, må sjølv syte for at terrenget vert opparbeidd som før etter arbeidet er utført. Sjå tabellen nedanfor.
Alt av stikkleidningar er søknadspliktig og skal utførast av kvalifisert føretak.
Til slutt kan vi nemne/forklara kvifor ikkje grøftene fortløpande blir fylt att og ferdigstilt. Årsaken er at leidningsnettet må reingjerast/klorast, TV-køyrast og trykkprøvast, dette arbeidet må gjerast i open grøft.
Nedanfor er ein oversikt over planlagt framdrift for dei ulike traseane. Viser til oversiktskart.
LINK TIL KART I PDF FORMAT
Trase 1.: Er trykkprøvd. Igjenfylling/jordlegging pågår – ferdigstilles i veke 32 og 33.
Trase 2.: Er trykkprøvd. Er og i prinsippet gjenfylt/jordkledd, finpuss veke 32
Trase 3.: Er trykkprøvd. Igjenfylling/jordlegging i perioden 34, 35 og 36.
Trase 4-1: Ledningane er lagt og grøft gjenfylt. Traseen blir nå i byggeperioden brukt som transportveg, blir derfor ikkje jordkledd/finpussa før slutten av prosjektet, ca veke 43-44
Trase 4-2: Som trase 4.1. Ferdigstilles ca veke 42-43
Trase 4.3: Grave, sprengning og rørarbeider pågår i ukene 32, 33, 34 og 35. Igjenfylling / jordlegging i veke 40, 41
Trase 4.4: Grave, sprengning/fylling og rørarbeider, utføres i ukene 36, 37 og 38. Igjenfylling/ jordlegging, samt reetablering av veg i perioden 38, 39 (40)
Trase 5.: Igjenfylling/jordkledning i vekene 39 -40.
Trase 6.: Som trase 5.
Trase 7.: Igjenfylling/jordkledd er utført.
Trase 8.: Graving og igjenfylling pågår, ferdigstilles uke 28 (29)
Hovudentreprenøren har fellesferie i veke 29 -30 og 31.
Kontaktpersonar;
Representant grunneigarane; Ruben Bortelid, Mob.: 911 07 453. e-post; ruben@bortelid.net
Åseral kommune;
Tilkoblingar; Hilde Stuestøl Berg. Tlf 382 85 518. e-post; Hilde.Stuestol@aseral.kommune.no
Anleggsleiar; Jan Oddvar Lineikro, Mob.: 901 76 450, e-post; jol@aseral.kommune.no.
Entreprenør, TT-Anlegg; Steffen Strømme. Mob 922 13 644, - steffen.stromme@ttas.no